Tysnes

ÅRBAKKA

Bygningar og stad med kulturhistorisk og antikvarisk verdi.
Årbakka Handelsstad er ein klassisk, vestlandsk handelsstad, med handelsbu, smie og sjøbu. Den blei etablert i 1898. Smie og sjøbu måtte byggjast nye etter brann i 1929. Her har vore dampskipsekspedisjon og postkontor. 5693 Årbakka. Telefon 95551807 Rebekka.

TYSNES KYRKJE

Tysnes kyrkje ligg idag eit stykke vest for tettstaden Våge på ein terrassert tomt i nordhellinga frå Grovarhaugen ned mot Svevågen på vestsida av Grovarelva. Ho vart med ein del endringar nyoppført her på garden Gjerstad i 1906 etter at ho tidlegare hadde stått på Tysneset frå ho var ny i 1868.

ONARHEIM KYRKJE

Onarheim kyrkje er ei langkyrkje frå 1893 på Onarheim i Tysnes kommune, Hordaland fylke. Byggverket er i tre og har 588 plassar. Kyrkja blei vigsla 7. juli 1893 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Den erstatta ei tidligare kyrkje som kommunen hadde overtatt frå privat eige i 1863, men som var blitt for liten.

MYRDAL GARD

Myrdal Gard sin kjente kvalitetsost er til salgs over hele landet.

KONTAKTINFORMASJON: Jasper og Nynke van Schaik, Myrdalsvegen 202, 5690 Lundegrend

Tysnes, Norway. Epost: post@myrdalgard.no Telefon 0047-53432293 Mobil Nynke: 95528264   Mobil Jasper: 41768861.

TVEITAKJERRINGA

Garden ligg på Tveit, på austsida av Tysnes ved foten av (Hovlands)Nuten, mellom Nymark og Årbakka. Her har me både sau og geit som hjelper oss å halda landskapet ope. Geitene produserer mjølk til ysteriet.

Tlf: 974 33 007, E-post: tveitakjerring@gmail.com, Nettside: http://tveitakjerring.no/

HAAHEIM GAARD

Dette elegante gjestgiveriet ligger ved foten av fjellet Tysnessåta, 40 minutters kjøring fra sentrum av Stord, og har hagekafé, restaurant som serverer lokale råvarer og rom med individuell innredning.

Haaheim Gaard Torstein Hatlevik, www.haaheimgaard.noHaaheim 5685 Uggdal

SOLSTRÅLEØYA

Solstråleøya er ei frodig øy med om lag 20 treslag, mange tilplanta. Gamle spaservegar og restar etter tidlegare hus. Øya vart gjeve til kongehuset i 1905 etter å ha vore i britisk eige. Etter kong Olavs død gav arvingane øya i gåve til Tysnes kommune i juni 1991, under føresetnad av at eigedomen vert nytta «til friluftsområde for almenheten, men med fortrinnsrett for funksjonshemmede». Øya er rydda for å få dei gamle spaservegane fram i dagen att. Toalett, fast grill, grindabygg og kai på nordspissen av øya, fleire bord og benkar. Flytebryggje sørvest på øya. Det er fint å telte i vika nord for huset. Godøysund er eit fint utgangspunkt for padling ut til Solstråleøya.

Naustet på nordsida er sett istand og er ein del av kystleia. Det er innlagt straum og det er mulighet for landstrøm for dei som treng dette. 

MANDELHUSET

Som ei kvit perla, heilt i sjøkanten, ligger Mandelhuset. Dei tre gamle kvite husa med grønt listverk på den gamle dampskipskaien var tidligare landhandel og kai for fjordabåtane. No er det ein lun og koselig restaurant der kjøkenet bruker lokale råvarer.

Kjøkenet sin spesialitet er gode retter med ekte smakar, laga utan snarvegar. Maten skal vera god, mettande og laga av lokale, ferske råvarer. Fisken og skalldyra våre, får me rett på kaien frå lokale fiskarar. Poteter og storfe kjem frå nabogarden.

FLYGANSVÆ KYSTFORT

På Flygansvær ligg eit kystfort frå andre verdskrig som tyskarane
bygde for å ha kontroll med innseglinga frå Nordsjøen. Festningsområdet er godt intakt, med mellom anna fire kanonstillingar. Ved vegen er det sett opp informasjonstavle.

REKKJETUNET 1599

Rekkjetunet i Færavåg har sidan 1980-talet vore drive som eit kunst- og kultursenter i Tysnes kommune i Sunnhordland. Ei lang rekkje av dei fremste kunstnarane i landet har hatt utstillingar eller konsertar i tunet, mellom dei komponisten 

Harald Sæverud som også feira nittiårsdagen sin på rekkjetunet. 

FJELLTOPPER PÅ TYSNES

Tysnessåto

Hovlandsnuten