Osbygdo

LYSEKLOSTER

Klosteret vart grunnlagt i 1146 av munker frå Fountains Abbey i England.

Då bisp Sigurd i 1146 skipa Heilag Maria kloster til Lyse, la han samstundes grunnlaget for det som meir enn noko anna skulle koma til å prega Osbygda gjennom meir enn 700 år. I cisterciensarordenen si ånd skulle munkane arbeida hardt og leva i fattigdom. Dette hindra likevel ikkje at klosteret snøgt vart både rikt og mektig, og på ymse vis la under seg dei fleste gardane i Os.

Etter kvart kom også svært mange andre gardar til, spreidde frå Ryfylke til Nordfjord. Berre i Hardanger åtte klosteret 50 gardar, like mange som i Os. Når også andre store jordeigarar skulle ha sitt, vart det ikkje att mange sjølveigande bønder i bygda. Med skiftande eigarar i eit par hundre år etter reformasjonen byrja rivinga. Den danske adelsmannen Erik Rosenkrantz var ein av eigarane. Han ville laga seg eit minnesmerke, og bygde Rosenkrantztårnet i Bergen, delvis av stein frå Lyse kloster. Stein frå klosteret finst òg att i Kronborg slott i Danmark, og det vart ført skipslaster med stein til Tyskland.

Ruinane er i dag delvis restaurerte, og er utan samanlikning den mest besøkte attraksjonen i Os. Ruinane av Lyse Kloster høyrer til Lyse.

LYSEKLOSTER KAPELL

Kapellet er i privat eige og høyrer til Lysekloster gard.
Eventuell avtale om vitjing må gjerast med eigaren av Lysekloster gard.
2 gongar i året får kyrkjelyden i Os nytta kapellet til gudstenester der alle kan koma: 2.pinsedag og ein sundag i august.
Kapellet er ei av dei eldste trekyrkjene vi har i landet frå etter reformasjonen.
Det vart bygd i 1663 av stiftsskrivar Nielss Hanssøn Schmidt som då åtte klostergodset..
Sidan har det følgd garden. Eit sidebygg vert reist då garden kom i familien Formann sitt eige. I dette bygget er fleire sarkofagar med avlidne frå Formann-ætta plasserte.
Kyrkjerommet er så godt som urørt gjennom 300 år.
Altertavla, datert til kring 1670, skal etter tradisjonen vera redda ut frå St. Jørgen kyrkje i Bergen som brann i 1702, ved bybrann i Bergen.

LYSØEN

Museet Lysøen består av fiolinisten Ole Bulls villa og sjølve øyea med skog og parkanlegg. 

Her finn du også eit gammalt gårdstun fra 1600-tallet og ein liten kafé.

All bebyggelse på Lysøen er samlat på øyas østside, nær sjøen. Dominerande i landskapet er Ole Bulls villa med tilhøyrande tjenerbolig og uthus (nå kafé). Ved anløpskaien ligger også eit gammalt gårdstun fra 1600-tallet; Gamletunet.

Ole Bulls sommervilla på Lysøen blei bygd i åra 1872-73, og den er heilt unik i norsk bygningshistorie. Hans ”lille Alhambra”, som han kalte den sjølv, betraktast som eit høydepunkt i historismens utfoldelse i Norge. Med sitt løkkuppelprydede tårn, eksotisk ornamentering både i eksteriøret og i den høyloftede musikkhallen, alt sirlig skåret ut i norsk furu, ligger villaen på øya som eit lyseblått eventyrslott. Villaen er åpen for omvisninger. Da får man sjå musikkhallen, Ole Bulls soverom, anegalleriet, samt stuene i underetasjen.

På den 700 mål store øya finn du også ein fantastisk natur, 13 km med skjellsandbelagte turstier, lysthus og på øyas høgaste punkt, 76 m.o.h., eit utsiktstårn reist til minne om Ole Bull.

Lysøen er en øy i Os kommune, ca 2,5 mil sør for Bergen. 

Det går skyssbåt til øya frå Buena kai på Lysekloster i museets åpningstider mellom 18. mai og 31. august. Overfartstid ca 6 minutter.

Til Buena kai kjem du med eigen bil eller rutebuss.

Kvar søndag i juli og august har vi eit eiget tilbud om pakke med buss t/r fra Bergen sentrum, inkludert konsert og omvisning.

VARGAHOLA

Lengre ute i vågen ligg Vargahola, ei hole som er teken ut i eit klebersteinslag i fjellet. Hola ligg like i flomålet og har nok dei siste hundreåra vore brukt til å dra opp båtar i. Vargahola kan stamma frå den tida Lyse kloster vart bygd – mykje av byggjevyrket i klosteret var kleberstein – men ho kan òg vera eldre, kanskje frå vikingtid.

HELLERISTNINGENE PÅ HALHJEM

Ved botnen av Vargavågen på Halhjem ligg Grødalshaug, ein 30 meter høg bergkolle mellom vågen og eit våtlendt dalsøkk. På sørsida av kollen er ei bratt bergflate, vend mot dalen, myra og bekken. På denne flata finst helleristningar frå bronsealderen.

GALLERI SOLBAKKESTOVA

Galleri Solbakkestova har adresse Solbakken 16 og ligg i Os, ca 3km fra Osøyro på veg mot Hallhjem. Er arbeidsplass og utstillingslokale til skulptør Arne Mæland og sonen Vidar Bratlund-Mæland som og jobber i faget. I galleriet finn ein og maleri av Tonje B Mæland og bøker av Bente Bratlund. I løpet av året kan ein  og oppleva kunst av andre. I tilleg til Solbakkestova har dei og eit atlier til, Studio Mæland på storum ca 1km fra Solbakken. Tlf: 98001861 (Vidar) Tlf: 90792575 (Arne)

OSBADET

Osbadet er et badeland i Os Idrettspark. 25 m basseng, terapibasseng og vannsklier. Osbadet.no for åpningstider.

RAMSHOLMEN

I samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd driver Os Rotary klubb et «sjø og helsesportsenter» på Ramsholmen. Her kan besøkende oppleve vakker natur og gleden ved sjølivet. Klubben disponerer den spesialkonstruerte båten «Unik» for rullestol- brukere og sørger for transport til og fra Ramsholmen. Anlegget er åpent for lag, organisasjoner, familier, men slik at funksjonshemmede har prioritet. Båten «Unik» er spesialkonstruert for trygg og enkel, men rask transport til og fra Ramsholmen. Fartøyet har base på kaien på Halhjem. Brygge- og båtkonstruksjonen det mulig å kjøre rullestoler rett om bord på og i land fra «Unik». 

På Halhjem fergekai er det gode parkeringsforhold. Ramsholmen har brygger for lett atkomst, egen fiskeplattform, turvei for rullestolbrukere, overbygget grillplass, fiskeutstyr, kajakker, robåter, toalett og garderobeanlegg. Mulighet for overnatting i laftestove, der det også er laget plass for å sette opp lavvo. 

FJELLTOPPER I OS

Møsnuken,

Lyshornet

Liafjellet          

Lysehornet

Borgafjellet

Rødsfjellet

Sveningen

Ulvenfjellet

Vardafjellet     

Tøsdalfjellet

Liafjellet          

Midtsæterfjell

Husfjellet         

Storevarden

Hjortasen

Midtfjellet