Os Sentrum

OSELVARVERKSTADEN

Oselvarverkstaden skal ta vare på kunnskap om bygging, bruk og reparasjon av oselvarbåten. Os kommune og og Hordaland fylkeskommune gjer tilskot til drifta, på denne måten kan dei tilsette på verkstaden bruke tida si på kunnskapsoverføring og tileigning

Oselvarverkstaden kom i drift i 1997. Då vart dei to siste båtbyggjarane som levde av å byggja oselvarar tilsette, saman med to yngre, fagutdanna trebåtbyggjarar som ikkje hadde bygd oselvarar før. Dei unge skulle læra oselvartradisjonen av dei gamle. Seks lærlingar har tatt fagprøven sin hos oss, tre av dei er i dag fast tilsette som båtbyggjarar på Oselvarverkstaden. Desse båtbyggjarane kan steg for steg følgja det «faglege slektstreet» sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek . såleis vare på ein 250 år gammal dokumentert, samanhengjande båtbyggjartradisjon i Os.

Adresse: Hamnevegen 41, 5200 Os

Utstillinga har ope for publikum mandag til fredag, 13.00 til 15.00.  Kontoret er betjent mandag til torsdag mellom 08.00 og 15.30 telefon 56 57 52 55 , fredag er kontoret stengt. Somme dager er vi ute på oppdrag, i skogen eller vi sager tømmer. Difor oppmodar vi publikum om å forsikre seg om at vi er til stades før dei legg turen. Det kostar ingenting å ta turen innom, men det kostar litt hvis du vil ha omvisning:

Omvisning med film / foredrag kan du bestille på telefon: 905 56 285 – (kr 100,- pr person)

Omvisning kveld og helg etter avtale, minimum kr 1500,- eller 150,- pr person 

BORGSOVA I OS

Borgstova var opphavleg bustadhuset til presten i Os, og var lenge, kanskje heilt fram til 1850, det einaste bustadhuset på det vi i dag kallar Osøyro. Stova kan vera bygd så tidleg som 1350, altså medan svartedauden herja i Noreg. Det skal vera det eldste huset på nokon prestegard i landet.

Borgstova er ellers blitt brukt til populære forestillinger med nissemor og nissefar før jul de siste årene.

OSEANA

I Oseana kunst- og kultursenter skal vi skape ”Ei verd av inspirasjon!”.

Unge og eldre, amatørar og profesjonelle – alle skal få utfalde seg. Det er plass til både opera, teater, rockekonsertar, konferansar og tilbod til lokale lag og organisasjoner.

Bedrifter og engasjerte menneskje i Os og Bergens-regionen har bidratt med ca 100 millioner kroner for at Os skal få eit kulturelt senter med kulturtilbod av høg kvalitet. Os Kommunee har bidratt med andre halvparten. Grieg arkitekter har teikna eit vakkert bygg som også har Noregs største solcellepanel og har blitt eit forbildeprosjekt hos ENOVA.

Kontaktinformasjon

Oseana Kunst- og Kultursenter
Mobergsbakken 20
5200 Os post@oseana.no

OS KYRKJE

Os kyrkje og prestegarden like ved var i mange hundre år dei einaste husa på Osøyro!
Kyrkja var plassert nær sjøen – sjøen var «hovudvegen» fram til rundt 1900 – og dei fleste som kom til kyrkje, kom med båt.
Der Os kyrkje no står, har det vore minst to kyrkjer før! Ei eldste kyrkje vart kan hende bygd allereie i 1050. Ho er nemd fleire gongar i skriv frå 1300-talet.
Kring 1600 vart det bygd ei ny tømmerkyrkje som stod fram til den noverande kyrkja var reist i 1870, like ved. Då vart gamlekyrkja riven.
Den nye kyrkja er typisk for tida ho vart bygd i. Berre i Hordaland finn vi om lag 35 kvite trekyrkjer med om lag sama forma.
Kyrkja vi har i Os no er altså over 130 år gamal.

LYNGHEIM

Det historiske tunet på Lyngheim i Os er driven av stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim og Vener av Lyngheim. Det er bygd på dugnad og med mange støttespelarar. Etter opninga i august 2014 har det alt utmerka seg som ein god kulturarena for formidling av tradisjonar og kulturelle opplevingar.

Stiftinga Lyngheim har i samarbeid med Os kommune og eksterne sponsorar rusta opp uteområdet Lyngheimparken for over ein halv million kroner.

SOLSTRAND HOTEL OG BAD

Siden 1896 har Solstrands utsøkte beliggenheit, vakre omgivelser og storslått utsikt over fjell og fjorder, fasinert gjester frå fjern og nær. Kun 30 km frå Bergen sentrum og Bergen flyplass.

Solstrand Hotel & Bad ligger idyllisk til ved Bjørnefjorden, kun 30 km sør for Bergen og Bergen flyplass. Hotellet blei bygd i 1896, og er i dag vertskap for ein fargerik blanding av lederprogram for næringslivet, møter, familiesamlinger, spa og velvære, og turisme.

VOGNHALLEN

Vognhallen på Osøyro har ved fleire høve tent som kulturarena. Her har det vore konsertar i regi av Os blues- og jazzfestival, og i over ti år har skulpturarbeidet og kursa i samband med skulptursymposiet vore lagde til Vognhallen. Vi vidareutviklar Vognhallen som arena for kunst- og kulturhendingar i Os.

Osbanen opna for trafikk 1. juli 1894, og denne hendinga samla 250 tilskodarar, den største folkemengda som til då hadde vore samla på Osøyro. Banen var eit stort framsteg for bygdene sør for Bergen og Os. Den nye teknikken med togsett gjorde at folk frå bygdene i sør strøymde til Osøyro for å sjå. Det blei så ille at banestyret fann ut at dei måtte krevja inn ”Plattformavgift” på fem øre for å avgrensa den store interessa for dette nye. Med tog kunne folk no reisa fram og tilbake mellom Os og Bergen på dagen. Reisetida blei meir enn halvert samanlikna med dei raskaste dampskipa. Ca. to timar tok turen Bergen – Os.

Osbanen vart utkonkurrert og lagd ned i 1935. Vognhallen vart etter det nytta til verkstad og bussgarasje.

Etter ei turbulent tid på nittitalet var det mange som gjekk inn for å riva vognhallen, men i dag står heldigvis både stasjonsbygningen og vognhallen på Os.

OSELVARNØSTET

Oselvarnaustet er ein samlings plass for dei som er glad i den tradisjonsrike oselvaren. Her samlast dei som er medlem av Oselvarlaget.

Kva med å legge ut på Bjørnafjorden i ein oselvar i sommar? Oselvarlaget leiger ut båtar for kr 150,- per dag, redningsvestar inkludert. Her får du frisk luft, vakre omgjevnader, unik kulturhistorie og utmerka trening på èin og same gong!